
SKIGARDSVISÈ av Stanly Jacobsen
Heilt innåt skogen står ein skigard, mosgrodd og grå.
Han er heilt nedfalls og søkk isaman,
men som eit minnesmerke her han står.
Ein gong var dette eit viktig stengsel,
som verna åkeren mot krøtterfot.
Ein skigard kan`kje vara evig, veit du, kan aldri vara evig!
Ein gamal skigard som står og vitnar om ei svunnen tid.
Det er ei soga om gamal storleik,
kamp mot naturen, kamp som er forbi.
Nå vert det kjempa på andre fronter,
men mye skigarder det har me lell.
Ein skigard kan`kje vara evig . veit du, kan aldri vara evig.
Kva er ein skigard? Ein skigard er så mange rare ting:
Ein rad med stokkar, sett som eit gjerde,
eller eit stengsel i ditt eige sinn.
Ein gamal fordom,eit raseskille,
hat og misunning, eller aversjon.
Ein skigard kan`kje vara evig, veit du, kan aldri vara evig.
Kvar du så snur deg, det er ein skigard mellom før og nå.
Ein skigard er som ei landegrense,
ein skigard er eit stengsel for de få.
Eit hat i hjarta, eit klasseskille,
eit sjalusi, ein uvisshet, ein krig.
Ein skigard kan`kje vara evig , vet du, kan aldri vara evig.
Har du ein skigard? Å jau du har nok ein for alle har
ein ting ein gjerne vil stengja ute,
ein ting en ikkje syna vil einkvar.
Men dessa stengsel treng ikkje vara,
ein skigard kan du kliva om du vil.
Ei skigard kan`kje vara evig , veit du, kan aldri vara evig!
Dette ble mitt bidrag for SYMBOL!
Flere innlegg finner du HER!
9 kommentarer:
Flot og smuk tolkning af symbol. :-)
Kunne ikke vært vist og sagt bedre:)
ha ne fin dag!
Herlig, kreativt og vakkert :)
Herlig sang, og vakker grind.
Både skigarder og den sangen som jeg husker fra langt tilbake, er vakre!! Et utmerket eksempel på symbol!!!
Så flott dette var! Koselig skigard og sang! Vakkert Symbol! -Margit-
Den teksten er det lenge siden jeg har hørt, så takk for det!! :) Vakkert bilde også!!
Nydelig bilde! symbol på en snart svunnen tid..
Vakkert symbol på en tid som var.
Legg inn en kommentar